Informasjon om stenging våren 2026
Frå tysdag 7. april blir idrettsbassenget og stupetårnet stengde på grunn av reparasjon av fliser og installasjon av ny undervassbelysning.
VIKTIG!! Lustrabadet har gruppetreningar i varmebassenget. Spesielt på onsdagar mellom 12:00 - 14:30 er det bassenget opptatt til bassengtrening.
Kva skal gjerast?
Fliser som er fjerna skal erstattast med nye
Ny undervannsbelysning skal installerast
Storesklia skal ha nokre små reperasjonar
Blir resten av anlegget stengt?
I utgangspunktet ikkje. Resten av anlegget vil vere ope som normalt.
Dersom dette endrar seg, vil me informere om det.
Kor lenge blir idrettsbassenget og stupetårnet stengt?
Me veit enno ikkje kor lenge bassenget blir stengt.
Det endelege skadeomfanget blir fyrst klart når bassenget er tappa ned.
Vil det vere ein prisreduksjon?
Ja. Det blir gitt 20% rabatt på inngangsbillettar fram til reperasjonen er ferdig.
Kva med dei som har medlemsskap?
For dei som har medlemskap vil me kompensere for perioden etter at anlegget opnar igjen.
Kva med dei som har klippekort?
Det same som dei med medlemsskap, me vil kompensere for perioden etter at anlegget opnar igjen.
Oppdateringar
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med resepsjonen eller følg oppdateringar på nettsida og i våre sosiale medium.